Velkomstsiden Nyheter. Lokale butikker e-shops Linker Bilder fra øy'a Fritt ord Reklame Butikker Send en melding Gjestebok Bloggere e-mail me
 
 
 

Valderøy Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Valderøy eller Valderøya er ei øy i Giske kommune på Sunnmøre. Valderøy er øya som er den mest folkerike i kommunen. Her ligg kommunesenteret Valderhaug, sør på øya.

Andre viktige tettstader er Nordstrand i aust og Skjong i sørvest. Fiske og fiskeforedling, tenestyting og mekanisk industri er dei viktigaste næringsvegane.

Geografi:

Valderøy har ein flatevidd på 6,5 km² og er berglendt. Øya har brusamband til Vigra over Gjøsund og til øya Giske over Staurnessundet. Valderøy-tunnelen utgjer eit undersjøisk tunnelsamband til Ellingsøy som går vidare til Ålesund.

Historie:

Dei viktigaste historiske stadene på øya er Skjonghelleren, ei hole i fjellet med spor etter busetjing frå yngre jernalder, og Valderhaugen, der ein har funne dei eldste båtrestane i Norden. Valderøy kyrkje er ei betongkyrkje frå 1961.

 

Henta frå Giske kommunes web side:

Valderøya er 6,5 km2 stor, berglendt og med kommunesenteret Valderhaug på søraustre sida. Øya har 3174innbyggjarar (2006) og tunnelsamband til Ålesund, dit mange pendlar. Mot vest ligg Skjonghelleren, ei stor fjellhole med spor etter busetnad frå yngre jernalder. I Valderhaugen er det funne restar etter den eldste båten i Norden. Dei viktigaste næringsvegane er fiske og fiskeforedling, mekanisk industri og tenesteyting.

 

 

Siden er lagt ut for gjennomgang, og er ikke ferdig men fult operativ i sitt nåværende utseende.

NB: er det noe som DU synes mangler. Gi beskjed , det er nå i år du kan innvirke på sidene.  Er klar over at det gjenstår en god del med oversettelse, men det kommer etter hvert.